HISTORIE


 «Bjørn 1»

heahagkwrhg

1901 – 1952

Bygd 1901 ved Brastad båtbyggeri, Vestnes. Lengde 14,6 meter. Motor Alpha 1908 16hk. I 1928 vart det sett inn ny motor av type Grei 35 HK. Ombygd 1937 ved Hatlø mek. verksted, Ulsteinvik, til 15,5 meter. Ny motor 1938 Union 50HK. Etter ombygginga i 1937 fekk båten namnet «Bjørn 1». I 1952 vart båten seld til Audun Langeland og Johan Sandvik frå Kalvåg. Båten forliste i 1956 ved Sognuksen på veg frå Bergen til Bremanger.


«Leinebjørn»

leinebjørn 2

1951 – 1958

Bygd 1951 ved Stenødegaard, Vestnes. Lengd 66.eng fot. Motor Brunvoll 100HK. Ombygd i 1955 på Ulstein Mek til 22,5 meter. Båten vart i 1958 seld til Knut Domstein og M. Vaage i Måløy. Den fekk namnet «Vågstein». Båten sakk ved Gamlen utanfor Stad 1961, etter ein kollisjon med ein fraktebåt.


«Leinebjørn»

leinebjørn 3

1958 – 1964

Bygd 1956 på Kleivseth båtbyggeri, Nordmøre. Lengd 24,1 meter. Motor Brunvoll 220HK. I 1964 skulle båten byggjast større for å fiske etter sild og makrell i Nordsjøen, og den vart slippsett ved Solstrand båtbyggeri, Tomrefjord. Då synte det seg at båten var full av kolfyr og måtte kondemnerast. Han vart sett ihop att, slept til Romsdalsfjorden og søkkt der. Dette var eit hardt slag for rederiet.


«Leinebjørn»

leinebjør4

1964 – 1977

Bygd 1964 ved Skåluren båtbyggeri, Rosendal. Første Leinebjørnen som var bygd i stål. Lengde 33,5 meter. Motor Wichman 640 HK. Ombygd i 1968 til 36,5 meter. Motor oppgradert til 900 HK samme år. I 1977 vart han seld til Harstad. 2 år seinare vart han seld vidare til Namibia.


M/S «Leinebjørn»

leinebjørn 5

1978 – 1999

Bygd 1978 ved Myklebust mek. Verksted, Gursken. Lengd 48 meter. Motor Nohab 2600 HK. Ombygd 1984 til 60,1 meter. Båten vart seld til rederiet «Havglans» i 1999.


M/S «Leinebjørn»

SONY DSC

1999 – 2001

Bygd 1979 ved Hellesøy skipsbyggeri. Mest kjent som «LIRA». Lengde 70,1 meter. Breidde 11 meter. Kjøpt av nabo rederiet Smaragd i 1999. Vart i 2001 seld til rederiet «Hundvåkøy».


M/S «Leinebjørn»

0902Leinebjoern06(1)

2001 – 2012

Bygd 2001 ved Larsnes Mek. Verksted. Skroget bygd i Russland. Lengde 64 meter. Breidde 13 meter. Seld til rederiet «Inger Hildur» 2012.


M/S «Leinebjørn»

forsidebildenynettsidee2

2012-

Bygd 2012 ved Karstensens Skibsværft A/S Skagen, Danmark. Skroget er bygd i Polen. Lengde 67,5 meter. Breidde 13,5 meter. Lastekapasiteten er 1750 tonn. Hovedmaskin Caterpillar 4800HK.